Aure (Salmo trutta). I Otra frå Hartevatn til Kilefjorden er aure den dominerande fiskearten. Frå Byglandsfjorden til Kilefjorden er det innslag av ein spesiell type aure med marmorerte teikningar (marmoraure/tigeraure).
Bleke (Salmo salar). I Byglandsfjorden finn ein den særmerkte relikte laksestammen bleke, Byglandsfjordbleka. Bleka vandra tidlegare heilt nord til Hallandsfossen i Valle. Bleke finns også nedstrøms Byglandsfjorden nedover til Kilefjorden.
Abbor (Perca fluviatilis). I nedre del av Otra Fiskelag sitt virkeområde, sør for Fennefossen i Evje, finn ein og abbor (også kalt skjebbe/tryte).
Ørekyt (Phoxinus phoxinus). I øvre delar av Otra finn ein karpefisken ørekyt som vart satt ut i Bykle og Hovden på slutten av 70-talet. Ørekyt har vidare spreidd seg nedover vassdraget, og vart i 1990 for første gong observert i Valle. I 2008 vart ørekyt for første gong dokumentert i Byglandsfjorden. Ørekyt er ein liten karpefisk (maks 15 cm) med god formeiringsevne. Ørekyt er ein uønska fiskeart då den kan ha negative effektar på andre samlevande fiskeslag.
Bekkerøye (Salvelinus fontinalis) finns i sidevassdrag til Otra og ein kan difor også finne spreidde individ av bekkerøye i hovudvassdraget. Dette gjeld i hovudsak i Byglandsfjorden sørover til Kilefjorden.
Ål (Anguilla anguilla) kan førekomme i nedre delar av Otra, og det er fanga ål så langt nord som Byglandsfjorden i nyare tid. Frå gamalt er det skrevet om fangst av ål ved notfiske etter aure og bleke ved Vassenden.